Gro (…)” er eit godt døme på korleis pinnar

Gro Dahle (1962-) debuterte i 1987 med dikta “Audiens”1, og er ein moderne diktar der fokuset på rim og rytme er fråverande, og innhaldet og bodskapen står i sentrum. Forfattaren har skrive ein god del barnebøker, og tek i dette dikta for seg det å vera ungdom, kva dei følar og tenkjer. Diktet “Mora mi er ein saks” er henta frå diktsamlinga Hundre tusen timar som vart utgjeve i 1996 . Diktet handlar om ei mor og ei dotter, og tilhøva deira. Det er dottera som er eg-personen i dikta. Vi får eit godt innblikk på kva dottera tenkjer og følar, og kva ho synest om mora i kvar strofe, og kan dermed slå fast på at dette er hovudmotivet i diktet. Det skjer ein slag prosess gjennom diktet. Vi får vita i starten av diktet at dottera alltid kjem heim til kveldsmat, men diktet avsluttar med at ho ikkje kjem heim lengjer, og at ho er “utru” mot mora. Diktet sluttar altså med at dottera har fått nok av mora, og kjem ikkje heim igjen. Det er ingen spesiell struktur i diktet, men alle, bortsedd frå tre strofer, inneheld fire verselinjer. Verselinjene vert nokon stadar plutseleg delt, noko som gjer at det som kjem i neste verselinje kjem sterkare fram. “(…) Eg øver meg på å stikka mora mi. / med pinnar og nåler. (…)” er eit godt døme på korleis pinnar og nåler kjem sterkare fram. Delingen gjer at vi får eit inntrykk av at pinnar og nåler står heilt åleine. Vi får tid til å få med oss at dottera vil stikka mora si, og det seier allereie mykje, før vi vidare les at ho skal stikka mora med pinnar og nåler. Pinnar og nåler kan sjåast som metaforar for at ho vil stikka kjenslene til mora i hjartet, men ikkje drepa ho. Altså utøva så mye smertar som mogleg på mora utan å ta livet av ho. Første strofe får heile dikta til å verka som ein draum. Det er i draumar ein verkeleg får fram det ein eigenleg vil og følar. “(…) Uansett kor fort eg / lauper, er det ikkje fôra nok: Uansett kor langt eg / lauper, kjem eg alltid tilbake til kveldsmat.” Det verkar som ho lauper og lauper, men aldri når enden, at personen alltid vert halden igjen av mora, og vert drege tilbake. Dette er kvifor det til og med kan sjåast som eit endelaust mareritt. Er det kanskje difor ho mislikar mora sånn? Det er som sagt at i drøymer ein får fram dei eigenlege kjenslene sine. Åtferda til personen verkar som at ho er lei av mora, at ho berre vil stikka av, men ikkje klarer det. Nokre gonger vil personen berre skrika ut, og seia det ho eigenleg følar, men gjer det ikkje. “(…) Når ho spør meg kva eg tenkjer / på, kyssar eg ho.” stadfestar denne tanken. Samstundes må vi ikkje gløyma at dottera er i ein periode der ho går frå å vera barn til og verta voksen. Det består ofte av mye forvirringar og søken etter seg sjølv. Humørsvigninger og at ho lèt raseriet sitt gå utover andre, er vanlege symptom for denne aldersgruppa. Det er òg vanleg frå mora si side at ho er bekymra over dottera si, at ho ikkje går i feil retning, ho vil trossalt bara dottera si godt. Og overgangen over at dottera si plutseleg vert voksen kan òg koma dust på. “Slangane veks opp av jorda der mora mi går.” startar andre strofe. Bruken av symbol og besjeling (slangar voksar ikkje, men tre gjer). Dette gjer at ein godt får fram at personen i diktet mislikar mora så sterkt, at personen seier at det veks slangar der mora har gått. Noko som kan tolkast at mora er eit vondt menneske, ein syndar, ein som berre vil ho vondt, meiner då eg-personen i dikta. Dottera seier òg at det er mora som er eit dårleg forbilete, at ho er grunnen til alt vondt, og skuldgjev mora for å ha lært ho til å lyve. Det har vorte brukt overraskande metaforar i diktet som ikkje pleier å brukast. Allereie i tittelen og starten i diktet vert dette brukt: “Mora mi er ein saks”. Vi forstår likevel ikkje kva forfattaren meiner før vi har byrja å lesa diktet. “Ho klipper inn i meg på veg / forbi. (…)” held fram diktet. Mora vert framstelt som ein person som tvingar eg-personen i dikta til å dela sine eigne tankar. Mora klarer ikkje å opna barnet sitt som ei bok, men må tvinga fram innhaldet ved å klippa det opp. Seinare i diktet står det òg “Syg tankane mine ut med sugerør. (…)”. Vi får eit inntrykk av at mora styrer dottera med ei jarnhand, er veldig overbeskyttende og overvakande ovanfor dottera. Det kan tenkjast at dottera eigenleg vil “fornya”, starta på nytt igjen med tilhøvet til mora. På slutten av tredje strofe står det: “Kan dei ropa, ropar dei på nytt / vann i vasen. Nytt vann i vasen, for faen!”. Her gjer versedelingen at rosene ropar “vatn i vasen (…)” og deretter “nytt vann i vasen”. Eller så kan det verka som at dei ropar “Nytt vatn i vasen.” to gonger, noko som gjer at ein kan tolka dei to verslinjene ulikt ut ifrå korleis ein les verselinjene. Felles for tolkinga vil forfattaren få fram bodskapen klårt og tydeleg fram ved å bruka gjentaking. Vann symboliserer renslighet og det verkar som at vatnet i vasen er skitten, og verkeleg treng å bytast, at dottera vil starta på nytt med blanke ark og nytt og friskt vann. Difor ropar rosene om og om att “Nytt vann i vasen”, og gjentek det same og avsluttar det heile med “for faen!”, noko som vert oppfatta som eit veldig sterkt og ivrig ønske etter å byta vatn. Det er lett å sjå at tilhøvet mellom dottera og mora er dårleg ved å sjå på nytta sterke ord og bilete som slangar, suga ut tankane, reptila til fingrane, “klipper inn i meg”, “et seg inn i hovudet mitt”, og berre tanken på å stikka mora si med pinnar og nåler seier ein god del. Det gjer at vi får eit negativt inntrykk av mora, og at bodskapen kan vera at mødrer nokon gonger må sjå seg sjølv i spegelen? Forfattaren vil kanskje få fram gjennom diktet at foreldra nokon gonger må letta litt på jerngrepet på borna sine, gje dei litt større fridom med tida. Mykhet er trossalt sterkare enn hardleik. Barn kan ikkje lenkjast rundt halsen, og bindast til senga til evig tid. Eller ha eit jerngrep med saksen i handa, for å så klippa og blottleggja tankane til borna og kjensler. Man bør letta litt på grepet. Barn vert eldre, og utviklar seg med tida. Før du veit ordet av det flyttar borna dine ut, og det hjelper ikkje å gråta då, for sonen og dottera di vert ein dag til mann og kvinne.